Det Norske Teatret i samarbeid med SiO
Price: 100 kr
Thu, december 05
Det Norske Teatret
Open for all
About the event
⏰ Velkommen til Spynorsk. The Musical. på Det Norske Teatret. Torsdag 05. Desember kl 20.00. Varigheit ca. 2 timar og 10 minutt. (inkludert pause). Møt opp i god tid, dørane stenges presis. ❓ Om Spynorsk. The Musical.: Ein ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen, i splitter nytt og nokså uvant superheltlys. Vi er i året 2042, der folket, etter årevis med skjerm i skolen og upålitelege politikarar, har mista gnist, glød, håp og draumar for framtida. I dette trøyttsame universet snublar ei ung kvinne over ei gamal pappeske med bøker, mellom anna ein biografi om Ivar Aasen. Kvinna - med namnet Aase Ivarsen - kjempar seg gjennom innleiinga og dei første sidene, og blir djupt imponert over det ukuelege pågangsmotet og dei skyhøge ambisjonane til den sjenerte, vestnorske språkforskaren. Utan å ha lese boka ferdig set Aase seg føre sjølv å dra i gang eit liknande prosjekt, for å vekke folket frå likegyldigheitas tunge døs. Dermed er det duka for tidenes roadtrip, med ein svært uortodoks versjon av Ivar Aasen på slep. Det er ei dystopisk framtid Are Kalvø diktar fram. I eit samfunn der ingen lenger engasjerer seg i noko som helst blir det nokså lett for hovudpersonen Aase Ivarsen å bli ei leiestjerne. Men kva er det eigentleg ho leier folk mot? Og korleis er hennar eige forhold til sanninga? Les meir om framsyninga her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/spynorsk-the-musical 🙋🏼♂️ Framsyninga passar for deg som er nysgjerrig på nynorsk, deg som elskar vafflar, deg som likar teater, deg som likar Ivar Aasen, deg som likar musikalar, deg som er nyssjerrig på teater og deg som vil ha ein kulturell pause i ein stressande eksamenstid. 📍 Kor? Det Norske Teatret – Kristian IVs g. 8, 0164 OSLO. Komme hit: Det Norske Teatret ligg midt i Oslo sentrum, like ved Karl Johans gate og Stortinget. Beste måten å komme hit på, er å gå, sykle, ta T-bane, trikk, tog eller buss. Næraste trikkestopp er Tinghuset. Næraste T-banestasjonar er Stortinget eller Nationaltheatret. Næraste togstasjon er Nationaltheatret. 💰 Billettar til 100 kr (ordinærpris 640 kr)! 📞 Spørsmål? Kontakt os på Telefon: 22 42 43 44 eller E-post: hei@detnorsketeatret.no 👇 Billettane bestiller du her!