Hedda Gabler på Det Norske Teatret
Det Norske Teatret i samarbeid med SiO
Pris: 100 kr
Tor. 28. november
Det Norske Teatret
Åpent for alle
Om eventet
⏰ Velkommen til Hedda Gabler på Det Norske Teatret. Torsdag 28. November kl 20.00. Varigheit ca. 2 timar og 30 minutt. (Ikkje pause). Møt opp i god tid, dørane stenges presis. ❓ Om Hedda Gabler: Eit gripande portrett av ei kvinne som blir ei farleg kraft. Få av Ibsens kvinner har fått så mange merkelappar som Hedda Gabler. Sjølvopptatt, manipulatorisk og vill? Eller berre einsam, forvirra og ulykkeleg, i utakt med sine eigne og med meiningar som ikkje blir respekterte? Kontroversiell Heilt frå utgjevinga i 1890 har Ibsens Hedda Gabler skapt reaksjonar. Å bryte med det uttalt kvinnelege gjer ein ikkje ustraffa. Ibsen ønskte å undersøke kva følgjer forventningane til eit kvinneliv kan få. Hedda Gabler er eit gripande portrett av eit menneske som i kamp med dei stramme normene i samfunnet blir ei destruktiv og farleg kraft både for seg sjølv og for sine næraste. Innestengd i heimen Regissør og påtroppande teatersjef Kjersti Horn har hatt stor suksess med sine ekspressive og nære teaterframsyningar, sist med Einkvan og Kristin Lavransdotter. Også denne gongen er videoinstruktør Mads Sjøgård Pettersen til stades gjennom heile stykket, og gir publikum nærbilde av handlinga som blir projiserte på scenen. Publikum vil med andre ord oppleve handlinga på avstand og i nærbilde på scenen. Scenograf Sven Haraldsson har skapt ein heil draumeheim til Hedda og Jørgen Tesman - ein heim som Hedda aldri slepp ut av. Les meir om framsyninga her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/hedda-gabler 🙋🏼♂️ Framsyninga passar for deg som er student, deg som er nysjerrig på Henrik Ibsen, deg som likar teater, deg som likar Kjersti Horn, deg som likar klassisk teater med ein moderne vri, deg som er nyssjerrig på teater og deg som vil ha ein kulturell pause i ein stressande eksamenstid. 📍 Kor? Det Norske Teatret – Kristian IVs g. 8, 0164 OSLO. Komme hit: Det Norske Teatret ligg midt i Oslo sentrum, like ved Karl Johans gate og Stortinget. Beste måten å komme hit på, er å gå, sykle, ta T-bane, trikk, tog eller buss. Næraste trikkestopp er Tinghuset. Næraste T-banestasjonar er Stortinget eller Nationaltheatret. Næraste togstasjon er Nationaltheatret. 💰 Billettar til 100 kr (ordinærpris 640 kr)! 📞 Spørsmål? Kontakt os på Telefon: 22 42 43 44 eller E-post: hei@detnorsketeatret.no 👇 Billettane bestiller du her!